Anna Kobberstad Rasmussen Brochmann, til dagleg Anna Brochmann, frå Innvik fekk nyleg strålande kritikkar på den britiske nettstaden Thereviewshub.com.

Det er LIPA, Liverpool Institute of Performing Art, si oppsetjing som er omtalt. Anna frå Innvik er student her på tredje året.

- Vi sette opp "13" av Mike Bartlett, eit stykke som handlar om samfunnet idag, der du har regjeringa som må ta tøffe valg og folket som protesterer mot vala som blir tatt. Stykket blei skreve i 2011 og er basert på masse av det som faktisk skjedde då, fortel Anna.

- Ein sterk produksjon frå tredjeårsstudentane ved LIPA, skriv anmeldar John Roberts.

- Anna Brochmann i rolla som skulejenta Ruby lyser opp og stel heile scena, skriv anmeldaren, som konkluderer med at sjølv om sjølve produksjonen ikkje er perfekt viser fleire av skodespelarane verkeleg lovande takter på veg ut i si profesjonelle karriere.

- Ja, eg fekk min første kritikk, og eg er veldig fornøgd! seier Anna Brochmann til Fjordingen.

- Eg spielte Ruby, dottera til amerikanske Dennis og Sarah Harrison. Dei er i England på grunn av at Dennis er der på oppdrag frå presidenten, for å få til eit samarbeid mellom Storbritannia og Amerika. Ruby er en interessant karakter. Ho er berre 11 år, men smartere enn dei fleste. Ho er autist og difor veldig annleis frå dei andre karakterene.

Ho fortel at ho ikkje berre brukte faglitteratur når ho leita seg fram til karakteren "Ruby".

- Då eg gjorde research var det ikkje nok å undersøke autisme og Aspergers syndrom, men eg måtte gjere research på litt skumle barneforteljingar og barneteikningar før eg fann karakteren skikkeleg. For min del var den rolla midt i blinken, sidan eg likar mørke og psykologisk interessante karakterar og skodespel. Og det er første gong eg har stolt skikkeleg på min eigen intuisjon og mine eigne impulsar, som er rette vegen å gå for å finne din karakter, seier Anna.

Ho er godt nøgd med både stykket, kritikken og studiet, tanke på ei muleg framtid på teaterscena.

- Regissøren, Adam Penford, gjekk sjølv på Lipa for 15 år sidan og jobbar i dag som regissør, vanlegvis på The National Theatre i London - og det er jo liksom "the big deal". Han har jobba med blant anna Maggie Smith og Judy Dench. Alt dette tyder på at LIPA er ei utrulig bra kjelde for å bygge nettverk, seier Anna Brochmann.