Tredje juledag om kvelden var det fleire som observerte ein stor meteor over Olden.

- Eit imponerande syn, seier Reidar Holen, som fortel at meteoren fòr over himmelen klokka 20.27.

- Det var ei stor, raud, lysande kule med ein glødande hale etter seg, som strauk over himmelen mot nordaust og forsvann over Årheimsfjellet, seier han.

Også Magne Vangberg observerte den store meteoren. Han bur i nærleiken av Aldaheim, og hadde vore ute i bilen og henta noko då han tilfeldigvis snudde seg og såg utover, akkurat i det meteoren kom til syne.

- Eg såg heile ferda frå han gjekk opp over Skarsteinsfjellet og til han forsvann mot aust og ein tanke nord. Det var utruleg imponerande. Eg trudde faktisk først det var eit fly som brann. Dette var så nær og gjekk så sakte at eg har aldri sett maken. Den eldhalen han hadde var så lang at når meteoren kom midt på himmelen, nådde halen halvvegs tilbake til fjellet igjen, om ein skal seie det slik. Det var eit ufatteleg syn. For eit hell at eg snudde meg akkurat då og fekk sjå heile turen over himmelen, frå han dukka opp til han forsvann, seier Magne Vangberg.

Ein meteor er glødende luft og gass som kan sjåast som ei lysstripe på himmelen. Fenomenet opptrer når ein lekam frå verdsrommet, ein meteoride, trengjer inn i jordatmosfæren. Meteorane kan opptre enkeltvis (sporadiske meteorar) eller i meteorsvermar. (Kjelde: SNL)