Innbyggjarane i Ørsta får ikkje røyste over samanslåing med andre enn Volda under folkerøystinga 19. mai. Det kom fram under formannskapsmøtet i Ørsta, skriv Møre-Nytt. På saklista stod spørsmålet om rådgjevande folkeavrøysting og intensjonsavtale for samanslåing av Ørsta og Volda kommunar.

Hans Olav Myklebust (Frp) tok i følgje avisa til orde for at saka ikkje handlar berre om Ørsta og Volda, og kom med framlegg om eit tillegg i vedtaket som heiter "og andre kommunar" bak kommunenamna Ørsta og Volda. Han vart ståande åleine om dette.

Les Møre-Nytt si sak her