Johannes Thingnes Bø gjekk eit strålande løp og tok ein knusande siger på sprinten i Presque Isle i USA i ettermiddag. Stryningen  heldt svært høg fart på førsterunden, og gjekk ut i tet etter første skyting der han prikka inn fullt hus. Stadig høg fart i sporet låg heldt han framleis teten då han kom inn til ståandeskytinga. Her viste han at pausen frå verdscupen har vore godt nytta: Med kontrollert skyting plotta han også her inn fem treff. Etter løpet fortalde han at han var iskald på hendene og skaut begge skytingane utan kjensle i fingrane. Dette var ei konsentrasjonskrevjande øving som viste seg å gje full utteljing.

På sisterunda auka Johannse ytterlegare forspranget til andremann Anton Shipulin, og gav dermed også eit klart varsku til konkurrentane om at han er i rute til VM på heimebane. Sjølv sa han at formen ikkje er heilt på topp enno, og at han ikkje greidde å halde same høge farten på slutten av løpet. Avstanden ned til Anton Shipulin var i mål 27 sekund. Martin Fourcade tok tredjeplassen, raskare i sporet enn Johannes, men med ein bom på ståandeskytinga.

Tarjei Bø heldt ikkje like høg fart i sporet. Han skaut fullt på liggande, men fekk ein bom på ståande. Han kom i mål 58,9 sekund bak  broren og tok 8. plassen.

- Ikkje noko ein jublar for i Norge, men i resten av verda er det bra! sa han til NRK etter løpet, og la til at skytinga var kontrollert, men at han følte seg litt tung i kroppen framleis etter mykje trening i det siste.

Begge brørne Bø har eit godt utgangspunkt framfor jaktstarten, som går i morgon.