Eit samrøystes kommunestyre i Hornindal vedtok i kveld å avklare situasjonen knytt til Volda/Ørsta, uavhengig av prosessen ein er inne i med Stryn kommune. Dette som resultat av at forhandlingsutvala i Volda og Ørsta tidlegare på dagen kom langt i sin prossess mot samanslåing seg i mellom og der Volda og Ørsta inviterer Hornindal åleine til å gå saman med Volda og Ørsta.

I vedtaket i Hornindal heiter det og at Hornindal skal arbeide for at også Stryn kommune skal vere med i den nye samanslåttte kommunen.

- Dette betyr i praksis at Hornindal kommune parallelt med intensjonsavtalen som er vedteken med Stryn kan jobbe sjølvstendig med tanke på mogleg samanslåing med Volda og Ørsta. Anten åleine eller saman med Stryn, stadfestar ordførar Stig Olav Lødemel.

Kommunestyret i Hornindal er samde om at det skal gjennomførast ei innbyggjarundersøking der minimum ein tredjedel av innbyggjarane over 16 år får høve til å uttale seg om framtidig kommunesamanslåing. Kommunestyret er klare på at forholdet til Ørsta/Volda må avklarast før innbyggjarundersøkinga, slik at innbyggjarane får høve til å uttale seg om alle alternativa.

Rådmann Ann Kristin Langeland samanlikna kommunesamanslåingsprosessen som å køyre berg og dalbane eller fv 60 med mykje hol og humpar.

- Landskapet no kl. 16 ser annleis ut enn klokka 9 i dag tidleg. Det seier mykje om kompleksiteten i saka, sa Langeland og viste til siste utvikling i Ørsta og Volda.

På oppdrag frå ordføraren gav ho sine vurderingar av korleis Hornindal kan greie seg åleine i framtida. Ho er klar på at kommunen ikkje vil klare seg åleine med mindre økonomiske overføringar enn i dag.

Etter ein lang debatt der alle var samde både om å vedta intensjonsavtalen med Stryn og ha parallelt løp med Volda og Ørsta, oppsummerte ordførar Lødemel prosessen mot kommunesamanslåiing så langt. Og han sa rett ut at han ikkje likte dagens utvikling i Ørsta og Volda.

- Eg er tilhengar av ei større eining enn Hornindal og Stryn. Difor er det vi opplever i dag trasig; at Ørsta og Volda ønskjer Hornindal velkomen men ikkje Stryn. Fram til dags dato har eg prøvd og ønskt å setje Hornindal i ein posisjon der vi ikkje er utkant, men meir midt i. Det såg ut til å kunne gå bra. Sjølv om det som skjedde i dag ser dårleg ut for Stryn, er det framleis ei opning dersom Ørsta som den store nei-kommunen faktisk ikkje seier ja til Volda 19. mai. Då må Volda ha eit alternativ. Formannskapet i Volda har politisk fleirtal for parallell diskusjon med Hornindal og eventuelt Stryn, sa Lødemel.

Han var sjølv arkitekten bak tilleggsforslaget som fekk full oppslutning, og der Hornindal no vil gå i forhandlingar også med Volda/Ørsta samt forsøke også å få med Stryn.