Vinden veksla kraftig under både treningsomgangen og det første av dei tre verdscuprenna i Vikersund i helga. Anders Fannemel var mellom dei som fekk svært tunge forhold i første omgang. Han landa på 198,5 m. Det heldt til ein 14. plass etter 1. omgang.

Kenneth Gangnes tok leiinga etter første omgang med eit hopp på 234,5 m. Peter Prevc, som i fjor hoppa 250 m i denne bakken og måtte sjå rekorden slått av Anders Fannemel, fekk også tunge forhold.

Han landa på 226 m, og gjekk inn på 3. plass bak Kenneth Gangnes og Robert Kranjec.

I andre omgang strekte honndølen seg til 218 m, og tok seg difor tre plassar oppover på lista til ein 11. plass. Robert Kranjec frå Slovenia vann rennet etter eit hopp på 239,5 m i andre omgang, framfor Kenneth Gangnes som landa på 235. Superveteran Noriaki Kasai var igjen på pallen, etter å ha hoppa 230 m i finaleomgangen.

I morgon er det nye sjansar for Fannemel i bakken der han har verdas lengste skihopp.