Lorentz Fannemel frå Hornindal var ei av dei unge eldsjelene som var plukka ut til å bere OL-elden under opninga av Ungdoms-OL (Lillehammer Youth Olympics) i går kveld.

- Det var kult! seier Lorentz til Fjordingen.

- Både seremonien og showet var kjempebra. Vi eldsjelene har fått masse tid i lag til å bli kjende, og vi har hatt det veldig morsomt i lag. Det er spennande å høyre folks historie og kva dei vektlegg og slikt, så eg har absolutt lært noko av dette her også, seier han.

I opningsseremonien skulle eldsjelene, altså eldbærarane, vere eit symbol på at håp kan spreiast dersom ein tek ansvar.

- Forestillinga handla om ein gut som bleiskiinteressert og møtte medgang og motgang, og så avslutta det medat elden kom inn med Marit Bjørgen. Så skulle vi spreie han vidare til små bålpanner medan kronprinsessa tende elden. Der vart vi vel litt vekk i mengda, kanskje, seier Lorentz, men det har alt i alt vore veldig artig!