Stryn sitt damelag i handball møtte i ettermiddag Sotra borte. Etter ein svak 1.omgang der slurv, balltap og fleire stolpetreff gjorde at Stryn låg under 20-10 mot Stord då første omgang var slutt, var det eit heilt anna strynelag som kom på bana etter pause.

Laget tok sakte, m en sikkert kraftig innpå Sotra. Fem minutt før slutt låg Stryn berre tre mål bak, men Sotra rodde det heile i land.

Tischa Correia var Stryn sin beste i ein kamp der også dei unge med Eline Nesdal i spissen greidde seg godt mot kjappe sotraspelarar, og Gunnar Sigurdsson tek med seg det positive frå andre omgang.

Kampen enda 31-26 til Sotra.