Gullgutar frå Stryn – fylket gratulerer! skriv fylkesordførar Jenny Følling i eit ope brev etter VM i Holmenkollen.

- To gnistrande gode oghumørfylte skiskyttarstjerner tok gull frå VM med heim til Sogn ogFjordane i helga. For nokre prestasjonar! Og for eit humør!Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø er fantastisk flotte førebiletefrå fylket, dei spreidde glede og inspirasjon til heile verda underVM i skiskyting på heimebane. Gratulerer frå heile Sogn ogFjordane! seier fylkesordføraren, som held fram:

- Sogn og Fjordane jublar når Tarjei og Johannes frå Stryner med og tek VM gull i skiskyttarstafett på ”heimebane” iHolmenkollen. Det er historisk at to brør på same lag blirverdsmeistrar. Det er historisk for vårt fylke. Når så JohannesThingnes Bø syter for at VM i skiskyting vert avslutta med VM-gullden siste dagen av meisterskapen, der han nedkjempar VM-kongenMartin Fourcade og vinn fellesstarten, er fylket vårt sprekkeferdigav stoltheit og nasjonen i ekstase. Slik er idretten ei form forunderhaldning som er tufta på kampen rundt dei både søte og bitrerealitetar i livet. Idretten handlar om å vinne gjennom å vinneover seg sjølv. Når skiskyttaren kjempar inn blinkar og alt kokarrundt, kjenner vi oss litt att i våre eigne kampar. Dei allerfleste som står øvst på sigerspallen har gått gjennom ei rekkenederlag fram mot smaken av siger. Brørne Bø er lette åidentifisere seg med gjennom motgang og sjukdom dei har hatt på vegmot toppen. Og dei har eit humør og vinnarglede som smittar ossalle!

"Vi iheimefylket har god grunn til å hylle både gullgutane våre og detfantastiske miljøet i Stryn som står bak"Jenny Følling, fylkesordførar

I tillegg er dei eit av få brødrepar som har fått lov å ståsaman øvst på ein sigerspall, påpeikar fylkesordføraren.

- Tilfellet Johannes og Tarjei fråStryn og Sogn og Fjordane har historiske dimensjonar knapt nokonandre kan vise til. Ein finn og Sogn og Fjordane-namn itrenarlaget, som er ein stor del av suksessen. Morten Aa Djupvik eridrettssjef i Norsk Skiskytterforbund, og Steinar Mundal gjekk frålangrennsjobb til å trene skiskyttarjentene. Som nære naboar avfylkesanlegget på Ullsheim i Markane viser brørne Bø, og her tek viogså med Anders Fannemel, at det gir resultat å bygge ut idrettensin infrastruktur. Det er difor mange og gode grunnar til å ønskjeJohannes og Tarjei til lukke med VM-gulla i skiskyting. Vi iheimefylket har god grunn til å hylle både gullgutane våre og detfantastiske miljøet i Stryn som står bak, seier fylkesordførar Jenny Følling.