Rådmannen tilrår at Stryn kommune skyt inn 4 millionar kroner i ekstra aksjekapital i Hoven Loen-prosjektet. Frå før har kommunen gått inn med ein aksjekapital på 12,5 millionar.

I følgje saksutgreiinga har det i samband med utbyggingsprosjektet med gondolbane til Hoven vist seg naudsynt å byggje ny veg frå Åheim til Holme på nedsida av gardstuna på Oppheim. '

- Bakgrunnen for dette ligg i at grunneigarar på Oppheim vurderer framtidig trafikk gjennom tuna som belastane for nærmlijøet, skriv rådmannen i si utgreiing.

Den nye vegparsellen vil vere på omlag 1,2 km. Vegprosjektet vil i følgjen søknaden frå Hoven Loen v/ Richard Grov utløyse veg/infrastruktur for eventuelle framtidige bustadar og/eller hytte ri området. - Vegen vil også avlaste trafikken for innbyggjarane på Oppheim/Rake, og kan vere eit viktig infrastrukturtiltak for innbyggjarane i området, men har liten verdi for HOven Loen utover å gje tilkomst til fjellanlegget, heiter det i søknaden.

Prosjektet Hoven Loen AS har planlagt opning i mai 2017, og anleggsarbeidet er i full gang.

- Tilkomst forbi Oppheim er naudsynt for prosjektet, og fleire løysingar har vore vurderte undervegs. Konklusjonen har vorte at løysinga med ny veg frå Åheim til Holme vil vere den klårt beste - ei løysing som også har oppslutnad blant grunneigarane på Oppheim, skriv rådmann Per Kristian Storevik i si tilråding, der han rår til at kommunen skyt inn ein ekstra aksjekapita på 4 millionar kroner. Summen skal dekkast inn gjennom bruk av kapitalfond.

Saka skal opp i formannskap og kommunestyre torsdag 19 mai.