Stryn Vinterski AS får ein halv million kommunale kroner til å utbetre mellom anna finansieringsplan før dei kan få drift- og investeringsstilskot frå kommunen. Det vedtok kommunestyret torsdag.

Saka om stolheisar i skianlegget var ei varm potet blant sakane i kommunestyremøtet i Stryn kulturhus. Fleire meldte seg inhabil i saka der splida bestod i om Stryn kommune skulle bidra med eit årlig driftstilskot på ein million kroner til Stryn Vinterski, eller ikkje.

12 mot 12 stemmer

Høgre sitt forslag om dette møtte motstand frå mellom andre Senterpartiet. Sistnemnde la fram eit nytt framlegg i saka som kommunestyret hadde ei prøverøysting over. 12 mot 12 stemmer i denne røystinga gjorde at det vart haldt gruppemøte i gangane på Stryn Kulturhus.

Ved gjeldande votering vart det 13 mot 11 stemmer i favør Senterpartiet sitt nye framlegg.

0,5 millionar kroner i planleggingsstøtte

Det betyr altså at Stryn Vinterski får 0,5 millionar kroner til vidare utvikling av prosjekt og finansieringsplanar. Det handskrevne framlegget såg slik ut;

- Stryn kommune løyver 0,5 millionar kroner til vidare planlegging. Dette arbeidet må munne ut i eit prosjekt som ikkje krev store årlege driftstilskot. Det må og sjåast på ein selskap- og avtalestruktur som gir sikkerheit for drifta av prosjektet, stod det i framlegget som altså vart vedteke med knapp margin. Senterpartiet var difor godt nøgd med dette vedtaket torsdag.

- Alle er samde i at vinterskianlegget er viktig for Stryn og at det er eit godt prosjekt det her er snakk om. Men vi satt med dette vedtaket ned eit krav om ein meir utfyllande plan og dokumentasjon  for dette prosjektet før kommunen skal kunne bidra med eit årleg driftstilskot, sa Astrid Drageset Raftevold (Sp) etter møtet.

Fjordingen har førebels ikkje lyktes med å få Stryn Vinterski AS i tale etter vedtaket