Samanslåingsspørsmålet går mot ein spennande slutt. Vesle Hornindal er i ein situasjon der både Volda og Stryn ønskjer samanslåing med kommuna med dei tre ljåane.

Kommuneleiinga i Stryn har vore i Hornindal og talt si sak om kvifor Hornindal bør velje Stryn. Volda må på si side først formelt bestemme seg for kva dei vil. Utfallet verkar gitt, men tysdag skal Volda i eit ekstraordinært kommunestyremøte likevel ta endeleg stilling til om dei vil slå seg saman med Hornindal, utan folkerøysting.

Hornindal har uttalt at dei må kunne velje Volda utan at dei må vente på folkerøysting.

Trygg på fleirtal

Ordførar i Volda, Jørgen Amdam, kjenner seg trygg på utfallet av dette møtet.

- Eg reknar med eit klart fleirtal for samanslåing med Hornindal utan folkerøysting i dette spørsmålet, seier Amdam måndag.

- Det er andre gong Volda tek opp denne saka. Om det skulle bli nei-fleirtal i Volda, då har vi vel her med ei politisk farse å gjere?

- Det ville i så fall blitt ei farse ja, men eg trur vi har rimelig kontroll på utfallet av dette møtet, seier Amdam.

- Spent

Han legg ikkje skjul på at han som politikar er spent på Hornindal sitt endelege val torsdag.

- Det er ei spennande veke med store avgjerdsler. Det blir spennande å sjå kva Hornindal bestemmer seg for. Dei har to reelle val, så eg er spent, seier Amdam.

Rådmannen i Hornindal, Ann Kristin Langeland, har tilrådd samanslåing med Stryn.

Avgjerdsla skjer altså i Hornindal kommunestyre torsdag.