Den markante 170 kvadratmeter store grindløda like ved Olden sentrum har fått ny eigar i Rolf Olav Tenden. Etter planen skal han begynne nedplukkinga av løda allereie denne veka og vil gjerne reise den på nytt i Bødalen i Loen.

- Det er veldig tidlig i prosessen endå, men planen er å sette den opp på ei familieiegd tomt inst i Bødalen. Dette må eg imidlertid søkje kommunen om løyve til, fortel Tenden.

- Eit kulturminne

Tenden overtok eigarskapet av løda frå Endre Muri, og tidlegare eigar Arne Steinar Muri i Olden. Sistnemnde skal nytte plassen til garasje.

- Vi hadde ein hyggeleg handel der begge var skjønt samde om at løda er altfor fin til å huggast ned til ved. Grindløda skal vere frå 1930-åra, så det er her snakk om å ta vare på eit kulturminne, seier Tenden.

Ifølge tidlegare eigar skal fleire av stokkane i grindløda vere frå 1875.