Fjerde og siste løp i Fjord-O festivalen i orientering gjekk av stabelen i dag i Ålesund, og nordfjordingane markerte seg med gode løp.

Elias Bergset revansjerte seg frå i går og vart nummer to på dagens mellomdistanse. Han vart også nummer 2 samanlagt, noko han var ganske så nøgd med. - Eg hadde håpa på førsteplassen, men eg hadde nokre dårlege vegval i dag. Å bli nummer to var greitt, sa Bergset.

Isak Bergset følgde opp det gode resultatet frå i går og vart nummer tre, kun slegen av to svenskar. Sidan han ikkje var med på dei to første løpa på Fjelli kunne han ikkje hevde seg på samanlagtlista, men etter fleire månader utan konkurransar fekk han likevel ei stadfesting på at formen er på rett veg. - Det var blautt og tidvis tunge forhold i løypene, men det var likt for alle. Eg er godt nøgd med løpa mine her i Ålesund, og er eigentleg litt overraska over at det gjekk så bra sidan eg har vore lenge ute.

Både han og Elias Bergset siktar seg no inn på O-ringen som startar neste søndag, eit femdagars løp som går av stabelen i Sverige med omkring 25.000 deltakarar.

Sven Bergset i klasse H13-14 sprang inn til sjetteplass i dag, og vart nummer fem totalt. Åshild S. Bøe frå Markane enda totalt på 10. plass i klasse D45 etter sjette beste tid i dagens løp.