Tysdag ettermiddag fekk Stryn sentrum besøk av eit spesielt følgje med bilar. Det kom nemlig rullande inn ti identiske bilar i typen Porsche 911 Carrera. Alle svarte, alle 2016-modellar med 420 ibuande hestekrefter.

Stryn-besøket var i høve klubben Porsche Travels sin rundtur i Norge og Skandinavia.

- Vi er tjue personar i ti bilar som reiser rundt i Norge i sommar. Vi har vore i Geiranger og så skal vi vidare til Ålesund, seier reiseleiaren Yaniv Bar. Yaniv fortel at følget har medlem frå både Israel og USA som visstnok skal vere svært imponert over naturen langs vegane.

- Dette er min første tur i Norge og det er heilt fantastisk. Vi er imponert over omgjevnadane her, fastslår Yaniv.

Gruppa var i Stryn for ein matbit.