Stryn gullsmedforretning i Tonningsgata vart sist veke utsett for tjuveri, same dag som det var innbrotsraid på Sunnmøre. Ingrid Hool som var på jobb den dagen fortel at tjuvane opptrådde særs profesjonelt.

- Det var to stykker, ein mann og ei yngre dame. Dei snakka dårleg engelsk og eg vart raskt mistenksam. Det var mykje fram og tilbake, og dei såg på fleire ting samtidig, både ringar og armband. Mannen sa etter ei stund at dei skulle ut ein tur for så å kome tilbake, men det gjorde dei sjølvsagt ikkje. Seinare oppdaga vi at eit armband til nesten 6000 kroner var vekke, fortel Hool. Ho oppmodar andre butikkar i Stryn og omegn om å vere oppmerksame.

Lensmann Lasse Trosdahl ved Stryn og Hornindal lensmannskontor oppfordrar både private og næringsdrivande om å vere ekstra på vakt.

- Særskilt bør ein vere ekstra merksame på personar med merkeleg oppførsel, og bilar som sirklar rundt i byggefelt. På Sunnmøre er det mellom anna observert personar i bilar som fotograferer husvere med meir. Det er ofte slik at det er nokre som gjer spaningsjobben, medan andre kjem og utfører tjuveria, opplyser Trosdahl. Han fortel også at dei som gjer spaningsjobben ofte merkar ytterdører med krit, slik at tjuvane som kjem etter veit kva slags hus som står tomme.