Rett ved Joker i Loen står det i sommar ein eigen isbar. Den har blitt godt motteken både blant lokale, turistar i bygda og forbireisande.

- Det er mest turistar som vil ha is, seier Kristin Bødal (14) som har sin aller første sommarjobb i iskiosken.

I kiosken kan ein få både softis, milkshake og mange ulike typar kuleis.

- Det er veldig populært blant dei som har gått Via Ferrata, seier Bødal.

For nokre år sidan fekk Per Willy Drageset, som driv Joker i Loen, spørsmål frå Hennig Olsen om det var interesse for å ha ein iskiosk utanfor butikken hans. I vinter bestemte han seg for å prøve.

- Det var spesielt med tanke på alt det som skjer i Loen framover. Det kjem nok ein god del meir folk til bygda dei komande åra, seier Drageset.

- Har den gått bra?

- Vi kunne nok med fordel hatt litt betre vêr i sommar, seier han. Det gjekk veldig bra heilt til styggevêret kom, då stoppa det opp litt – men det tek seg opp att på slike fine dagar, legg han til.

- Er det noko du vil satse vidare på?

- Den blir nok her til neste år også, og på sikt blir det kanskje ein del av butikken. Vi har nemleg planar om å bygge ut i 2018, seier kjøpmannen på Joker i Loen.

Per Willy Drageset på Joker Loen ser fram til dei komande åra. Han har tru på vekst i bygda. Foto: Ingrid Kvåle Faleide