I dag er det fem år sidan det største terrorangrepet mot Norge i fredstid, der ein og same person drap 77 personar og påførte mange alvorlege skader. Bomba i regjeringskvartalet som tok livet av åtte personar og drapet av 69 unge på Utøya var hendingar ingen var førebudde på. Dei smertelege erfaringane av for dårleg beredskap og samhandling særleg innan politiet har resultert i omfattande gjennomgang og tiltak for å styrke beredskapen. Politidirektør Odd Reidar Humlegård seier til Aftenposten at det er gjennomført 1.046 konkrete tiltak for å styrke beredskapen. Han seier politiet i dag er langt betre rusta til å møte terror eller dramatiske hendingar enn for fem år sidan.

På femårsdagen for dei fryktelege handlingane vert det markeringar både på Utøya, i Oslo og i kommunane i landet som miste ein eller fleire av sine innbyggjarar i terrorangrepa. På Utøya vart det i fjor opna ein minnestad, delvis bygd opp på dugnad, og der Kolbein Fridtun som miste dottera Hanne Kristine, var sterkt delaktig. I dag vert det opning av «Hegnhuset» på Utøya. Bygget består av to delar, kafebygget slik det var for fem år sidan, og eit læringssenter. Namnet har to funksjonar; å hegne om demokratiet og å hegne om kafebygget. Mange tok til orde for å rive kafebygget etter terrorangrepet. No vert det i staden ein del av historia, der nær 500 stolper rundt huset symboliserer dei som overlevde og 69 søyler symboliserer dei drepne. I kafebygget er det laga ei tidslinje frå terrordagen, blant anna med sms-utvekslingar.

Både politidirektøren og  beredskapsminister Anders Anundsen seier Norge er betre rusta mot terror i dag enn for fem år sidan. Noko av det viktigaste, i følgje ministeren, har vore å snu haldninga til beredskap og tenking rundt beredskap.

Tida vi lever i viser eit konstant behov for å vere på vakt. Det er 22. juli eit bevis på. Det er hendingane i Paris, Brussel, Nice, Istanbul og mange andre stader bevis på. Vi må halde fram med å leve i kvardag og på ferie, men samtidig vere førebudd.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør