Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid er godt i gong. Det er venta 10.000 festivaldeltakarar berre i kveld.

Eit titals band og artistar har allereie opptredd, og vidare på programmet for kvelden står Cancer Bats, Gogol Bordello, Matoma og Yelawolf.

Festivalen held fram i morgen med fleire store artistnamn og minst like mange gjester.

Aleks Grey er først ut på scena laurdag, deretter kjem Bendik, Tiebreaker, Odd Nordstoga, The Good The Bad And The Zugly, Gabrielle, Vreid, OnklP & De Fjerne Slektningene, Lovespeake, Iggy Pop, Gojira og Kvelertak.

- Det er mykje å gle seg til! seier Gunn Guddal, administrasjonssjef for Malakoff Rockfestival.

Ho har jobba med festivalen i elleve år og fortel at dei aldri har hatt ein betre line-up.

Mykje folk = mykje god stemning: Det var lang kø for kome seg inn på festivalområdet fredag kveld, men det la absolutt ingen dempar på stemninga.