Er du sikker på at reiseforsikringa gjeld for det du skal gjere i ferien? Sommarferien kan bli ekstremt mykje dyrare viss forsikringa ikkje er i orden.

Årleg vert det rapportert om ferierande nordmenn som hamnar i økonomisk ruin fordi dei har måtta betale for medisinsk behandling og sjuketransport frå fjerne strøk av eiga lomme – utgifter som raskt kan stige til mange hundre tusen kroner.

– Eller éin million kroner, for den saks skyld. I USA, for eksempel, er det svært høge døgnprisar på sjukehus, og ikkje uvanleg at det vert chartra fly ved heimsending. Er ikkje forsikringa i orden, blir sluttrekninga ein tragedie for den eller dei det gjeld, seier Vidar Korsberg Dalsbø, kommunikasjonsrådgjevar i DNB skadeforsikring.

Éin av fem nordmenn reiser utan gyldig reiseforsikring, viser tal frå forsikringsbransjen. Det kjem truleg ikkje berre av eit ønske om å spare pengar på feriebudsjettet. Nokre er rett og slett ikkje klar over at dei ikkje er forsikra. Medan andre som er forsikra, ofte ikkje kjenner til kva avgrensingar og unntak som gjeld.

– Vi erfarer at mange enten har trudd dei har forsikring, eller at den dei har er utilstrekkeleg, seier Ann Hege Skogly, kommunikasjonsrådgjevar i Forbrukarrådet.

Tilleggsforsikring

Backpackarar og eldre bør vere spesielt oppmerksame på eitt punkt, det som handlar om tidsavgrensing. Ved utanlandsopphald varer dei flestereiseforsikringar ikkje meir enn 30 til 45 dagar.

– Her går mange i «fella». Ein har for eksempel teikna reiseforsikring for eitt år, men ikkje fått med seg at ho berre gjeld for 30– 45 dagar i strekk. Skal du vere i utlandet over lengre tid, bør du derfor snakke med forsikringsselskapet og teikne ei tilleggsforsikring, seier Vidar Korsberg Dalsbø.

DNB forsikring får også ein del meldingar knytt til ulykker i leigd køyretøy.

– I mange land kan trafikkulturen og reglane vere svært annleis enn her heime. Og du kan få store juridiske problem ved for eksempel å køyre på nokon. Så når du leiger bil eller moped/scooter, kjøp for all del forsikring samtidig. Reiseforsikringa aleine vil ikkje halde, åtvarar Korsberg Dalsbø.

Pass på verdisakene

Tjuveri er truleg det ferieuhellet flest misforstår reglane rundt – og følgeleg føler seg «snytt» av forsikringsselskapa etterpå.

– Vi får mange klager på forsikring knytt til tjuveri. Viss du for eksempel legg frå deg kameraveska på eit restaurantbord medan du bestiller ein drink i baren, kan forsikringsselskapet avkorte utbetalinga med opptil 100 prosent. Det same gjeld viss du har verdigjenstandar liggjande i ein parkert bil over natta, seier avdelingsleiar ved Finansklagenemnda, Lotta Bjørknes.

Nemnda får også mange meldingar knytt til skadar på gjenstandar, som foto- og datautstyr.

– Viss for eksempel ein bil dultar borti deg ved eit uhell eller du mister kameraet i bakken, er det ikkje nødvendigvis dekt. I slike tilfelle tar ein ofte utgangspunkt i lova om skadeverk, der det vert lagt til grunn at skaden må ha blitt gjort med vilje, legg Bjørknes til.

Sjekk priskalkulator

Det gjeld altså å lese nøye det som står med lita skrift i den forsikringspolisen du vurderer, dersom du skal unngå sure overraskingar.

– Sjølv om det kan følast som eit ork å setje seg inn i alle vilkåra, anbefaler vi på det sterkaste å gjere det. Det kan koste deg dyrt å la vere, seier Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådets netteneste finansportalen.no har ein eigen kalkulator forreiseforsikring, som skal gjere det enklare å samanlikne ulike forsikringar ut frå dine behov.

(UNDERSAK 1) Dei beste reiseforsikringane

* Ein omfattande forbrukartest, publisert av Dine Pengar og VG i fjor, viser at det ikkje er hipp som happ kva for eit forsikringsselskap og kva for eireiseforsikring ein vel.

* Av dei 13 reiseforsikringane og tre kredittkortselskapa som vart testa, kom Frende best ut, tett etterfølgt av DNBs Best.

* Frende er ikkje billigast, men ifølgje Dine Pengar og VG det selskapet som har «best dekning på flest område». Alle selskap har derimot uavgrensa dekning for medisinsk behandling og heimtransport.

* Kredittkortselskapa nådde ikkje opp i testen, og Dine Pengar/VG anbefaler å teikne ei heilårsforsikring sjølv om ein har kredittkort med inkludertreiseforsikring.

Vanlege «forsikringsfeller»

Dette er noko av det vanlegaste ferierande nordmenn ikkje er klar over når det gjeld reiseforsikringa:

* Tjuveri av reisegods ved flyreiser vert normalt ikkje dekt viss du har plassert verdigjenstandar i ekspedert bagasje. Derfor bør du ta med deg kamera, smykke og andre verdigjenstandar om bord i flyet som handbagasje.

* Stolne og misbrukte kredittkort vert ikkje dekt av reiseforsikringa. Blir du utsett for denne typen tjuveri, er det kortselskap og eventuelt banken du skal ta opp saka med. Stolne kontantar opptil eit visst beløp kan derimot bli refundert gjennom vanleg reiseforsikring.

* Dersom du skadar andre personar eller gjenstandar med leigd motorkøyretøy, vil dette ikkje vere dekt. Derfor bør du teikne eiga forsikring der du leiger køyretøyet.

* Med eit gyldig europeisk helsetrygdekort (helfo.no) har du innanfor EØS-området rett på dei same helsetenestene som innbyggjarane i landet du oppheld deg i. Derfor trur nokon at ein eigentleg ikkje treng reiseforsikring. Men eigendelen kan vere høg, og heimreise/sjuketransport vil ikkje nødvendigvis bli dekt. Utan reiseforsikring kan du derfor risikere store uventa utgifter.

* Hamnar du i ei ulykke der høgt inntak av alkohol kan hevdast å vere medverkande årsak, er det sannsynleg at reiseforsikringa ikkje dekkjer eventuelle utgifter/erstatningskrav.

* Er du blant dei meir spenningssøkjande, ver obs på at nokre forsikringar ikkje dekkjer ulykker knytt til det som kan oppfattast som ekstremsport. For eksempel strikkhopp, fallskjermhopping/paragliding, rafting/elvepadling, kiting og turar med luftballong. Dette er derimot eit område der selskapa er i gang med ein «liberalisering», fordi statistikken tilseier at såkalla ekstremsport ofte har lågare ulykkesfrekvens enn meir vanlege ferieaktivitetar som fotball.

* Skal du for eksempel reise jorda rundt, ver klar over at dei flestereiseforsikringar stoggar ved utanlandsopphald på over 30– 45 dagar i strekk. Denne tidsavgrensinga vert derimot nullstilt kvar gong du er heime. (©NPK)