Når 10.000 menneske samlast til festival, høyrer det med litt meirarbeid for politiet.

Slik såg første festivalkvelden ut for politiet på Nordfjordeid:

19:15 - Overstadig rusa mann innsett i drukkenskapsarrest.

21:00 - Rusa mann innsett i arrest etter ordensuro og forulemping av politiet.

21:17 - Ein mann til legevakta for kontroll etter å ha blitt slegen.

22:30 - Ein mann meld for urinering på offentleg stad.

23:49 - Ein rusa mann som gjekk langs rv 15 mellom Eid og Haugane vart køyrd heim av politiet.

22:35 - Kvinne i 20-åra meld for drikking av alkohol på offentleg stad.

23:58 - 6 menn i 20-åra og to menn i 30-åra er mistenkte for bruk/oppbevaring av narkotika og er bortviste frå festivalområdet. Saker er oppretta.

00:53 - Ein rusa mindreårig vart vist bort frå festivalområdet. Foreldra er varsla.

00:57 - Rusa mann i slutten av tenåra vist bort frå festivalområdet på grunn av ufin åtferd. Vedkomande følgde ikkje pålegg og vart sett i arrest.

03:45 - Bråk ved serveringsbod, ein mann i 50-åra meld for å ikkje oppgje personalia til politiet.

05:48 - Bilberging måtte til då nokre unge damer hadde låst seg inne i varerommet på ein bil.