For første gong er det starta ei utgreiing for å kartlegge utslepp og miljøpåverknad frå cruiseskip i norske fjordar.

Verdsarvkoordinatane for Geiranger- og Nærøyfjordområdet har saman med Sjøfartsdirektoratet og Kystverket utarbeidd ei prosjektskisse under namnet «Forvalting av verdsarvfjordane».

I juni fekk Sjøfartsdirektoratet oppdraget frå Klima- og miljødepartementet med å setje i verk ei utgreiing for å kartleggje kva miljøpåverknad cruiseturisme har i norske fjordar.

Rapport i 2017

Avdelingsdirektør for regelverk og internasjonalt arbeid i Sjøfartsdirektoratet, Bjørn Pedersen fortel at arbeidet starta i juli og skal halde fram til september.

– Vi starta arbeidet med utgreiinga i juli. Undersøkinga går ut på at vertsskip rapporterer inn informasjon til oss. Vi kan mykje om korleis skipa fungerer frå før, og vi veit mykje om brennstoff og kor mykje dei slepp ut, men vi veit ikkje så mykje om korleis dei opererer i fjordane. Gjennom ei kartlegging av korleis skipa opererer, kan vi få eit generelt bilde av utslepp og mengda av desse, fortel Pedersen.

Sjøfartsdirektoratet kartlegg situasjonen både i Nærøyfjorden, Geirangerfjorden og Aurlandsfjorden.

I tillegg til informasjon frå skipa, hentar Sjøfartsdirektoratet inn data frå ein tysk forskar frå Universitetet i Bonn.

– Vi hentar  data frå den tyske forskaren, Dr. Löfler, som målar luftkvaliteten i Geirangerfjorden. Forskaren er inne i eit lengre prosjekt og skal måle luftkvaliteten over 20– 30 år og gjennom måling av luftkvaliteten kan vi registrere data fortløpande og sjå dei i lys av eigne resultat, seier Bjørn Pedersen.

Han fortel at cruiseskipnæringa er positiv til prosjektet, men seier at det er opp til styresmaktene å vurdere kva tiltak som eventuelt blir sette i verk og legg til at internasjonale skip er gode teknisk og at det ikkje er sikkert at miljøpåverknaden er så stor.

Inspirasjon frå Alaska

I juni var representantar frå blant anna verdsarvkoordinatane frå Geiranger saman med representantar frå mellom anna Sjøfartsdirektoratet til Glacier Bay i Alaska for å hente inspirasjon til korleis dei regulerer skipstrafikken for ei berekraftig næring.

Formidlingsleiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv Merete Løvoll Rønneberg var ein av dei som var på inspirasjonstur til Alaska.

– Målsetjinga med reisa til Alaska var å finne inspirasjon for korleis vi på best mogeleg måte kan regulere cruiseturisme og båtar, og i tillegg vart det fokusert på forvalting av områda. Det kan vere ein del å lære av Alaska på lenger sikt, men vi må ta steg for steg, seier Rønneberg.

– I Glacier Bay har dei eit system der dei slepper inn eit avgrensa tal på båtar etter ulike kriteria på berekraft. Skilnaden på cruisetrafikken i våre verdsarvområde og Glacier Bay, er at der går dei ikkje går i land, men berre følgjer skipet inn i området og opplever naturen frå båtdekket, fortel ho.

Bjørn Pedersen var òg med til Alaska og fekk innsyn i korleis styresmaktene jobbar i tett samarbeid med næringa.

– Å lære om måten dei arbeider på i Alaska var svært nyttig. Der fekk me sjå korleis lokale styresmakter arbeider med regulering, og ikkje minst korleis styresmaktene samarbeider med næringa, fortel Pedersen.

Han meiner dei har mykje å lære av måten dei arbeider på i Alaska.

– Jobben vår er no å kartleggje, og så er det opp til styresmaktene å vurdere kva tiltak eller regelendringar dei ønskjer å setje i verk. Dersom vi kan lære noko av korleis andre land gjer det, så bør vi det, seier Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet. (©NPK)