Grupperinga som kravde folkerøysting om kommunesamanslåing i Hornindal jobbar no for å oppheve vedtaket om samanslåing mellom Hornindal og Volda. Dette kom fram under folkemøtet på Ullsheim om grensejustering mellom Hornindal og Stryn torsdag kveld.

Nils-Paul Haugen, og Anne-Lise Hatledal som sette i gang underskriftskampanjen før det avgjerande kommunestyremøtet om vedtak i Hornindal, var tilstades på møtet. Haugen sa at dei no vil gå rundt til alle i Hornindal kommune der dei over 16 år kan skrive seg på ei liste som ber om oppheving av vedteken kommunestruktur, og at det blir gjennomført folkerøysting før nytt vedtak. - Vi har fått mange henvendingar frå folk i Hornindal som ber oss om å gjere dette, sa Haugen. Han sa vidare at aksjonsgruppa meiner vedtaket om at Hornindal skal slå seg saman med Volda er forhasta, og at bygdefolket ikkje har fått seie si meining, noko dei kunne fått gjort gjennom ei folkerøysting. - Vi vil som sagt sette i gang ein ny aksjon, og den vil vare til alle røysteføre i Hornindal er nådd, sa Haugen.