Alle born i alderen åtte til 12 år i Stryn kommune har denne sommaren tilbod om å vere med på «Aktiv sommar». Tre dagar i veka gjennom fire veker gir kommunen i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar borna sjansen til å prøve ut ulike aktivitetar bygda har å by på. Tilbodet er gratis og har mange positive sider ved seg.

Ved å få sjansen til å prøve ulike aktivitetar, kan borna finne ut av kva dei kanskje vil vere med på av fritidstilbod etter sommaren. Opplegget gjer at deltakarane vert kjende med nye vener på tvers av både skule, klasse og kultur. I tillegg vert dei ofte betre kjende i lokalsamfunnet dei veks opp i.

Det at borna har positive aktivitetar å fylle sommardagen med, gjer det gjerne enklare også for foreldre som er i jobb. I reportasjen vår i dagens avis fortel ein far at familien takka vere «Aktiv sommar» slepp å dele ferien mellom foreldra. Fordi borna har gode aktivitetar gjennom fleire veker i sommar, kan foreldra jobbe når dei skal og så ta samla ferie. Ein slik vinst høyrer heime på kontoen «vinn-vinn».

Leiarane bak «Aktiv sommar» har alle fått jobb gjennom eit anna kommunalt satsingsprosjekt, nemleg «Sommarjobb for ungdom». Dette prosjektet som var omtalt i Fjordingen 19. juli gir ungdom mellom 16 og 23 år sjansen til å skaffe seg verdifull jobb-erfaring utanom ordinære sommarjobbar. Ordninga som har som mål nettopp å gje ungdom arbeidserfaring, er inne i sitt tredje år, og i år var det heile 65 søkjarar. 32 av desse fekk jobb, og nokre av dei har ansvaret for å organisere tilbodet «Aktiv sommar».

Kommunen har søkt delvis ekstern finansiering til prosjekta «Aktiv sommar» og «Sommarjobb for ungdom». Reportasjane viser på ein god måte kva som kan kome ut av vedtak fatta av kommunestyret. Dette er to gode prosjekt der Stryn viser veg innan satsing på born og unge.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør