Ein buss og ein bubil kilte seg fast og lagde trafikkork på fv 60 mellom Ugla og Skarstein fredag føremiddag. I følgje ein tipsar stod dei to køyretøya fast i om lag eit kvarter før dei kom fri. Deretter brukte sjåførane tid på å fotografere og dokumentere før trafikken kom i gang att.

Det var ingen trafikkdirigering på staden i forkant av uhellet, som skjedde på den gamle vegstrekninga som skal erstattast med ny veg.

Bussen er polsk-registrert medan bubilen er registrert i Norge, får Fjordingen opplyst.