Ein ny underskriftsaksjon har blomstra opp i Hornindal og tema er framleis kommunesamaslåing med Volda. Delar av bygdefolket gir seg ikkje og vil ha folkerøysting. Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid omtalte aksjonen meir eller mindre som fåfengd.

- Innbyggjarane i ein kommune har ikkje initiativrett for lovlegkontroll av eit kommunestyrevedtak. Ei underskriftsliste er difor ikkje noko formelt grunnlag for Fylkesmannen til å vurdere vedtaket, sa Hæreid til Fjordingen fredag.

Likevel skal underskriftsaksjonen i bygda halde fram.

Vil oppmode kommunepolitikarane til endring

- Vi har fått med oss Fylkesmannen sitt syn på saka og vi er klar over at denne aksjonen ikkje set rettmessige krav. Underskriftsaksjonen er meint å vise kva bygda meiner og slik forsøke å påverke politikarane våre, seier Nils-Paul Haugen som representerar aksjonsgruppa med ti representantar.

Haugen legg til at gruppa har endra ordlyden i parolen med at gruppa "gjer krav på..." til at "vi oppmodar om at vedtaket i Hornindal kommunestyre sak 048/16 "endeleg vedtak kommunestruktur" blir oppheva og at det blir gjennomført folkerøysting før nytt vedtak".

Dør til dør

Haugen presiserar at berre dei over 16 år med bustadadresse i Hornindal kan skrive under. Underskiftsaksjonen skal halde fram til 25. august.

- Målet er å få best mogleg oppslutnad, slik at vi i størst mogleg grad kan påverke politikarane våre, seier Haugen.

- Korleis går de fram?

- Vi har delt bygda opp i roder, og vi vil gå frå dør til dør. Alle skal få høve til å seie kva dei meiner om denne saka. Å gå samla inn i framtida vil vere positivt både for Hornindal som bygd og bandet mellom dei folkevalde og innbyggjarane, seier han.

Endra situasjon

- Dette er andre gong det blir heldt underskriftskampanje om same sak. Kvifor skulle politikarane endre standpunkt no?

- Årsaka til at dette blomstra opp igjen no er grensefordelinga i Markane/Kjøs. Dette har endra situasjonen for mange. Det er ei trykka stemning i bygda no, seier Haugen.

- Under førre underskriftsaksjon enda det med 265 underskrifter. Kva slags oppslutting trur de denne aksjonen vil få?

- Det tør eg ikkje spekulere i, men vi har ein jobb å gjere, avsluttar Haugen.