UDI har bestemt å legge ned 7000 mottaksplassar over heile landet, deriblant Stryn statlege mottak. Dette på grunn av at det no kjem langt færre asylsøkarar til landet enn først antatt. Sven Flo stadfestar at Stryn kommune fekk beskjeden i dag.

- Det vart stadfesta frå UDI, og asylmottaket drive av Norsk mottaksdrift vil bli nedbygd og avvikla fram mot årsskiftet, seier Flo. Han seier vidare at kommunen erkjenner standpunktet til UDI, og at det er positivt at styresmaktene har kontroll og god oversikt over asylsituasjonen i landet.

- Stryn vil no sjå på tiltaka som allereie er gjort i kommunen, og evaluere dei. Det vil og bli dialog med UDI angåande erfaringane våre. Vidare må vi finne løysingar på avviklinga fram mot nedlegging, seier ordføraren.

Flo vil vidare rette stor honnør til bygdene i Stryn, med Innvik i spissen, som har stilt positivt opp for kommunen og gjort det beste ut av situasjonen.

- Vi var særs kritiske til prosessen rundt etableringa av asylmottak, men bygdene har gjort ein kjempeinnsats, seier Sven Flo.

Dei asylantane som blir innvilga opphald i Norge vil fortløpande få busetjing.

Stryn statlege mottak har i dag 6,55 årsverk og 140 asylsøkarar.