Mange ferierande frå Sogn og Fjordane vert overbehandla i utlandet.

I ei fersk undersøking frå Gjensidige utførd av Ipsos svarar 8 prosent av dei frå Sogn og Fjordane som har fått medisinsk behandling i utlandet at dei har hatt ei kjensle av å ha vorte overbehandla. Det vil seie at fleire tusen ferierande innbyggjarar i Sogn og Fjordane har opplevd dette.

Flest tilfelle finn vi på fastlandet i Spania og på Kanariøyene, opplyser Gjensidige.

100 saker på eit år

Det siste året har det vore ein jamn straum av klager, spesielt frå ein klinikk som ligg i Puerto Rico på Gran Canaria, i følgje selskapet. Arne Voll er kommunikasjonssjef i Gjensidige og har aldri opplevd tilsvarande.

- På eit år har vi hatt over hundre saker, berre frå denne eine klinikken, seier han.

- Sjølv om forsikringsbransjen og alarmstasjonar har svartelista klinikken ligg denne i eit område som mange norske vitjar. Norske flagg og «vi snakkar norsk» gjer at mange sjuke oppsøkjer klinikken, seier Voll vidare.

- Normalt kostar eit legebesøk i utlandet rundt 1.000 norske kroner. Då seier det seg sjølv at når kundane vert belasta for fleire titals tusen, er belastninga stor for den enkelte, seier Voll.

Reiser meir

- Verda vert mindre og mindre og vi reiser stadig lengre vekk. Det er difor viktig å ta kontakt med forsikringsselskapet om ein vert sjuk. Bransjen har godt oversyn over flinke leger og godkjende sjukehus. Har ein først oppsøkt ein useriøs klinikk og er ferdig handsama og vert presentert eit økonomisk krav, er det ofte for seint, seier Voll.

Nokre døme frå klinikk i Puerto Rico:

1 . Eldre ektepar vitja lege for mistanke om bronkitt – Vart belasta kredittkortet for 120.000 Kroner

2 . Kunde fekk ein liten betennelse i tannkjøttet – Betalte mellom 40 og 50.000 kroner for handsaminga

3 . Mann frå fekk problem med «tett» øyre – Vart utstyrd med maske over andletet og vart pressa til å kome tilbake ei rekkje gonger – Pris kr. 26.000 kroner.

Land der Gjensidige opplever fleire tilfelle av overprising og overbehandling

• Spania (Fastlandet)

• Kanariøyene

• USA

• Thailand

• Tyrkia

• Hellas

• Kypros

• Bulgaria

• Egypt