Det vart ny løyperekord i dameklassen då Merete Helgheim frå Gloppen friidrettslag vann det 4,6 km lange løpet Skarsteinsetra Opp i Olden. Den nye rekorden er på 25,28 minutt, og Helgheim hadde sjølv den gamle rekorden på 25,57 minutt sett i 2013.

Håvard Klakegg var første junior opp til Skarsteinsetra, og herreklassen vart vunnen av Jann Ove Tjønneland frå Viksdalen.

Stig Svalheim vann sykkelklassen, 16 sekund føre Jan Ove Standal frå Stryn.

Om lag 150 mosjonistar og 50 i konkurranseklassen gjorde sitt til å skape ei fin ramme rundt løpet, sjølv om vergudane ikkje var heilt på arrangøren si side denne gongen.