Favoritten og den mest meritterte frå start var ingen ringere enn Johannes Thingnes Bø frå Markane IL. Trass i eit svært godt løp, vart han diska etter å ha gått feil i ein del av løypa. Dermed glapp det som låg an til å bli Johannes sitt første NM-gull i rulleskiskyting.

- Eg var nøgd med løpet og skytinga var veldig bra, men eg gjekk feil inn før siste skyting og blir straffa for det. Det er min eigen feil, sa Johannes Thingnes Bø til Tv2 Sportskanalen like etter diskvalifiseringa var klar.

Trass i at Bø, som sjølv visste at han hadde gått sløyfene i feil rekkefølge, gjekk ei ekstra runde og dermed riktig distanse, vart han altså likevel diskvalifisert. Det er imidlertid klart at han får gå jaktstarten i morgon søndag.

NM-gullet i sprint var det Erling Aalvik (Kvam Langrenn og Skiskyttarklubb) som tok. Erlend Bjøntegaard (IL Bevern) tok sølvet og Åsmund Steien (Folldal IF) vann bronse.

Johan Eirik Meland frå Markane IL enda på ein 20. plass og klubbkamerat Jarle Midthjell Gjørven enda på 25. plass.

Heile resultatlista finn du her

Kvinnene sin sprint vart vunne av Marte Olsbu foran Fanny Horn Birkeland og Tiril Eckhoff.

Av andre deltakarar frå Indre Nordfjord finn vi Isak Hopland, Odd Sindre Tonning, Erlend Bakken, Håkon Midthjell Gjørven og Andreas Halsteinslid (M19), Vegard Skrede og Aksel Mathias Meland (M18) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (M17) og Ingrid Gausemel frå Hornindal i klasse K19.