Medietoppane i Polaris og i Amedia får utbetalt bonus og ekstralønn samstundes som avisene må kutte. Det skriv Klassekampen.

I slutten av august varsla Polaris kutt på 300 millioner kroner fram mot 2020. Førre veke vart det klart at konsernet si største avis, Adresseavisen, mistar 60 årsverk. Likevel får konsernsjef Per Axel Kock utbetalt ein bonus på 417.000 kroner i år, same år som konsernet meldte om 160 millionar kroner i kutt.

Dette blir utbetalt som "prestasjonsbasert lønn" og gjeld for 2015, skriv Sunnmørsposten.

Journalist i Adresseavisen og ansattrepresentant i Polaris, Terje Eidsvåg, meiner bonusordningane er uheldige.

– Ideelt sett skulle vi gjerne vore forutan bonusordningar. Dei nye kutta vil sjølvsagt prege diskusjonen om bonus for neste år, seier Eidsvåg til Klassekampen.

Styreleiar i Polaris, Bernt Olufsen, forsvarar at konsernet utbetalar bonusar til toppleiiarane sine.

– Prestasjonsbasert lønn er med på å sette tydelege krav og mål for våre leiiarar og er ein god måte å forankre selskapet sin strategi i konsern­leiinga, seier Olufsen.