Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) tek til orde for at rassikring av rv 15 Strynefjellsvegen kan bety omkamp om linja for E39 mellom Grodås og Byrkjelo. Den oppsiktsvekkjande uttalen kom han med gjennom eit intervju med Firda nyleg.

Klakegg set opprusting av Strynefjellsvegen opp mot den pågåande debatten om kva som skal vere den nordlege hovudferdselsåra mellom Aust- og Vestlandet; rv 7 Hardangervidda eller rv 52 Hemsedalsfjellet. Klakegg hevdar i intervjuet at Hemsedalsfjellet i kombinasjon med rv 5 blir det raskaste og beste sambandet mellom Austlandet og Ålesundsregionen og at E39 i indre Nordfjord passar inn som hand i hanske. «Men får bergensarane viljen sin og Hardangervidda blir nordre hovudsamband austover – og Strynefjellsvegen får ny tunnel med arm til Geiranger for til saman heile 5,4 milliardar kroner – då blir situasjonen at trafikkgrunnlaget for den indre E39-stamvegen i Nordfjord ramlar saman. Då kan E39 like gjerne byggast etter den traseen vegen har i dag», seier Jølster-ordføraren til Firda.

Dersom Klakegg reknar trafikken frå Ålesundsregionen som del av grunnlaget for Hemsedalsvegen, er det store sjansar for at han har forrekna seg. Når han koplar E39-trasé og opprusting av Strynefjellsvegen med arm til Geiranger til debatten om Hemsdalsfjellet eller Hardangervidda, blandar han dessutan korta. Hemsedalsfjellet kan aldri erstatte Strynefjellsvegen. Difor vert det og feil å kople valet av trasé for E39 opp mot valet mellom Hemsedalsfjellet eller Hardangervidda. Både politisk og frå transportnæringa så vel i indre Nordfjord som på Sunnmøre er Strynefjellsvegen poengtert som det viktigaste vegsambandet mellom Nordvestlandet og Austlandet. Fylkesordføraren i Møre og Romsdal er blant dei som poengterer Strynefjellsvegen som svært viktig for heile Sunnmøre.

Klakegg bør konsentrere seg om sine vegprosjekt og ikkje forsøke å leggje politiske snubletrådar for vegsamband andre enn han sjølv har særs stor nytte av.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør