Ingen, unnateke John Olav Lefdal og hans lille mannskap, var i nærleiken av å sjå at Justin Bieber skulle kome til Hjelle og Stryn. Nettopp difor var Hjelle den mest geniale plassen Bieber kunne reise til då han ville ha eit døgn i fred og ro mellom konsertar i Oslo og Finland. Etter å ha blitt jaga som fritt vilt av fansen i Oslo og omegn måtte Bieber søkje tilflukt ein stad han kunne få ro, og som ingen ville gjette at han skulle reise til. Av fleire «utenkjelege» alternativ var Hjelle kanskje det beste. Både fordi det var heilt usannsynleg, men like mykje fordi Hjelle mange gode vestlandsopplevingar på ein plass: Mektig natur med vatn og fjell, eit særs triveleg historisk hotell med flott uteanlegg og på ein stad med minimal trafikk.

Justin Bieber hadde tenkt å vere på Hjelle heilt uforstyrra. Det fekk han nesten. Då ein ven av verdsartisten sjølv posta eit naturbilde frå Hjelle på sosiale media, vart dette fanga opp av TV2, som i neste omgang la det ut med spørsmål om kvar Bieber var. Då gjekk det ikkje lang tid før både fans og presse var på veg til Hjelle.

Berre dei Justin Bieber hadde leigd til å arrangere turen fekk kome i kontakt med han. Skuffande for fansen og særleg for dei om lag 40 ungdomane som hadde samla seg ved hotellet i håp om å få eit lite glimt av idolet sitt.

Ein kan gjerne meine at Justin Bieber kunne kosta på seg å kome ut på trappa for å seie hei. Samtidig må ein respektere at ein verdsartist som er i fullt søkelys heile tida, har behov for å gøyme seg litt vekk. Familien Lefdal har gitt fansen på Hjelle stor ros for den flotte oppførselen dei viste. Ved å akseptere grenser som vart sett, bidrog fansen til at Bieber fekk den gode opplevinga han var ute etter. Det kan ungdomen ha med seg som sitt bidrag.

Familien Lefdal med sine kontakter har ved å hente Justin Bieber til Hjelle og Stryn på nytt sett Nordfjord på kartet på ein positiv måte. Det er heile regionen stolte og glade over. Overraskinga i det dei fekk til denne gongen, skal det mykje til for å overgå. Alle vil hugse då Justin Bieber var i Stryn.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør