Etter tapet mot Herd sist helg er det små sjansar for at Stryn kan halde seg i divisjonen, men med kampen i dag gjorde i alle fall heimelaget sitt.

Stryn tok alle tre poenga mot Florø 2 heime i Stryn i dag. Justinas Busmic scora første målet på ei heading etter ein corner frå Stian Sandal. Mads Wie signerte det andre målet, medan Ruben Garlid sikra 3-0 etter pause. Begge dei siste måla kom etter målgjevande pasning frå Anurathan Velalakan.