Solfrid Rake og Bjørnar Sæten, begge frå Loen, har delteke i NM for lærlingar denne veka. Begge kan sjå tilbake på ei veke med solid innsats.

Bjørnar Sæten, som er lærling hjå Stryn Eiendom, tok ein glimrande 2. plass og dermed sølv i sin del av konkurransen som var i tømrarfaget. Han var på førehand litt skeptisk på kva for ei oppgåve som møtte han, men han vart ferdig før tidsfristen gjekk ut og var spent på kva for ei plassering han ville få til slutt.

- Eg er veldig fornøgd med andreplassen, seier Bjørnar til Fjordingen. Han fortel at oppgåva var å bygge ei bod og mellom anna legge kledning rundt dør og vindauge.

- Solfrid, lærling i Stryn kommune, kom dessverre ikkje til finalen, men gjorde ein flott innsats i dei innleiiande rundane, seier Tom-Øvind Solheim frå Nordfjord opplæringskontor. Ho var oppe i to ulike tema, "diabetes og rusproblematikk" og "demens".

I alt deltok 15 deltakarar frå 15 fylke, og det er første gong Sogn og Fjordane har hatt med ein representant i NM for helsefag.

Solfrid Rake imponerte mange med sine kunnskapar. Foto: Tom-Øyvind Solheim, Nordfjord opplæringskontor