Johannes Thingnes Bø er strålande nøgd med nyheita om at landslinje i skiskyting ligg inne i framlegget til statsbudsjett.

- Dette er fantastiske nyheiter! Det er ei investering som vil vere riktig både for Stryn og heile fylket. Betre reklame enn eigenproduserte toppidrettsutøvarar finst vel ikkje, seier Johannes i ein sms frå Östersund, der det er verdscuprenn i helga. Verdsmeisteren frå Holmenkollen har sjølv vore elev ved den dåverande idrettslinja ved Stryn vidaregåande skule.

- Dette er vel fortent. Gratulerer til Stryn, Markane, Stryn vgs og Ullsheim! seier Johannes.