Fylkestinget i Sogn og Fjordane gjekk tysdag inn for å støtte rikveg 52 over Hemsedalsfjellet som éin av to hovudvegar mellom Austlandet og Vestlandet.

Statens vegvesen tilrådde i konseptvalutgreiinga si i haust alternativet over Hemsedalsfjellet framfor riksveg 7 over Hardangervidda. Frå før er det klart at E134 over Haukelifjell blir den sørlege av dei to hovudfartsårene mellom aust og vest.

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane meiner Hemsedalsfjellet er det beste alternativet både når det gjeld reisetid, transportkostnader og vinterregularitet.

Føresetnaden er elles at riksveg 52 i framtida blir knytt til riksveg 5 i Lærdal med ferjefri fjordkryssing mellom Mannheller og Fodnes. For Sogn og Fjordane er det òg viktig at E16 over Filefjell blir fullført som planlagt, sjølv om vegen ikkje får status som hovudvegsamband.

Stein Malkenes i Miljøpartiet Dei Grøne stemte som den einaste i fylkestinget mot vedtaket. (©NPK)