To ekspressbussar køyrde seg fast over Strynefjellet. Ifølge NRK var det ekspressbussen frå Trondheim til Bergen og ein ekspressbuss frå Oslo som vart ståande fast. Uhellet skjedde mellom brøytestasjonen og Oppljostunnelen.

Det var tre passasjerar i den eine bussen og ingen skal ha blitt skada. Ifølge Nettbuss skal det ikkje ha vore noko dramatikk i hendinga.

Sjå våre webkamera her

Yrkessjåfør Eirik Tenden kan stadfeste at det er svært glatt veg over strynefjellet.

– Eg passerte brøytestasjonen, og der stod begge ekspressbussane. Den eine hadde gått igjennom brøytekanten og stod godt uti. Den andre fekk dei så vidt inn att på med litt sand og hjelp, fortel yrkessjåfør Eirik Tenden til NRK.