Talet på skilsmisser her i fylket gjekk i 2016 ned i høve til året før, viser tala frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen gav i 2016 løyve til 189 separasjonar og 134 skilsmisser. Dette er det lågaste talet på skilsmisser på fleire år. Statistikken til fylkesmannen viser tal tilbake til 2008, og det har ikkje vore færre skilsmisser i fylket enn i 2016 i denne perioden.

År          Separasjonar      Skilsmisser

2016           189                 134

2015           201                 176

2014           196                 146

2013           201                 167

2012           158                 178

2011           199                 160

2010           199                 196

2009            206                177

2008            210                175

Ektepar som ønskjer å gå frå kvarandre, kan no søkje om skilsmissegjennom eit elektronisk søknadsskjema. Det nye skjemaet følgjer oppfjorårets søknadsskjema for separasjon. No er det altså mogleg åsøkje om både separasjon og skilsmisse elektronisk. Den digitalesøknaden er med på å korte ned saksbehandlingstida, og brukarenslepp å fylle ut papirskjema på gamlemåten. For dei som føretrekk ånytte papirskjema, er det framleis mogeleg å søkje om separasjon ogskilsmisse på gamlemåten.