Fire personar av utanlandsk opphav vart stoppa på Lom i natt, mistenkte for forsøk på ran av minibanken ved Sparebanken Vest i Stryn i natt. Lensmann Lasse Trosdahl gir stor ros til publikum og brøytemannskap på Strynefjellet for observasjonar som var avgjerande for pågripinga.

- Litt før kl 03.00 natt til torsdag fekk vi melding om folk som prøvde seg på minibanken ved Sparebanken Vest i Stryn sentrum. Alarmen gjekk, men då politiet kom til staden var gjerningspersonane vekke. Gode observasjonar frå publikum samt lokalkunnskap gjorde at dei mistenkte vart observerte og pågripne i Ottadalen, seier lensmann Lasse Trosdahl.

- Utan hjelp frå brøytemannskap og publikum hadde vi ikkje klart dette så raskt. No fekk vi observasjonar på bilar som gjorde at politiet kunne stoppe dei på Lom. Stor ros for denne type hjelp frå publikum, seier Trosdahl.

Dei pågripne som alle skal vere av utanlandsk opphav er i følgje Vest politidistrikt fire menn. Den yngste er i 20 åra, den eldste i 40-åra. Dei skal vere på veg mot Stryn for avhøyr og etter kvart truleg framstilling for varetektsfengsling.

Dei mistenkte lukkast ikkje i å få med seg pengar.