Stryn skuffa stort mot Årstad i Strynehallen laurdag ettermiddag, ein kamp som kunne ført laget eit stort steg nærare 2. divisjonsspel neste sesong. Det var skikkeleg kladdeføre for Stryn, og då sluttsignalet gjekk stod det 26-27 på resultattavla.

Med tilnærma fullt lag var det forhåpningar om nye to poeng, men eit meir og meir frustrert heimelag greidde ikkje å riste eit hardtkjempande bortelag av seg som vann fortent til slutt.

- Det svikta både framover og bakover i dag, sa Stryn sin bestemann, Gunnar Sigurdsson.

- Eg kjende ikkje att spelarane frå dei siste kampane, sa lagleiar Johnny Hove etter kampen.

Stryn er framleis i førarsetet når det gjeld opprykk, men då må laget vise seg frå ei heilt anna side i dei to siste kampane borte mot BSI og Norrøna.