Vrakar du bilen seinast 20. mars slepp du å betale årsavgifta. Har du allereie betalt, vil du få refundert avgifta frå Skatteetaten. I tillegg får du 3.000 kroner i vrakpant.

Når du leverer bilvrak til gjenvinning mottek du 3.000 kroner i vrakpant. Det er Skatteetaten som har ansvaret for utbetalinga. Mottaka leverer inn vrakmeldinga og tek seg av det administrative. Alt du treng å gjere er å møte opp med bilen, vognkortet og legitimasjon, skriv Norsk Gjenvinning i ei pressemelding.

- Din gamle bil blir til nye produkt, det er faktisk slik at vi vinn igjen over 850 kilo metall frå ein vraka gjennomsnittleg personbil, seier Einar Høifødt som er ansvarleg for innsamling av vrakbilar i Norsk Gjenvinning.

I 2015 auka EU gjenvinningskravet for kasserte bilar. No skal 95 prosent av ein bil gjenvinnast, derav skal 85 prosent materialgjenvinnast.

- Resultatet er at frå ein bil resirkulerast om lag 800 kilo jarn, 60 kilo aluminium og 6 kilo kopar. Vi får også ut nokre kilo rustfritt, glas og eit restprodukt som blir til brensel. 85 prosent av bilen blir altså til nye råvarer, og 95 prosent av bilen blir brukt fornuftig.

- I Norsk Gjenvinning tek vi hand om rundt 35.000 bilar per år, seier Høifødt.

– Bilane blir miljøsanert lokalt gjennom at batteri, olje og andre væsker vert fjerna. Deretter blir bilane  komprimert og transportert til vårt anlegg på Øra i Fredrikstad. Her blir bilane kverna og dei små bitane som kjem ut frå kverna blir sortert i jarn, andre metall og avfall.