Politiet i Stryn har reist til Skei for å sjekke om det kan vere ein samanheng mellom innbrotsforsøket mot minibanken der og tilsvarande hending i Stryn.

Forsøket på innbrot mot minibanken i Stryn skjedde natt til torsdag, og vart avbroten då alarmen gjekk. Fredag vart tre rumenske menn varetektsfengsla i fire veker, sikta for innbrotsforsøket i Stryn. Laurdag meldte politiet i Sogn og Fjordane at også ein minibank på Skei er utsett for tilsvarande innbrotsforsøk.

- Vi må blant anna sjekke om hendinga på Skei kan ha skjedd i forkant av innbrotsforsøket i Stryn, seier lensmann Lasse Trosdahl.

Hola som er bora gjennom frontpanelet på minibanken på Skei var teipa over då ein kunde meldte frå om noko mistenkjeleg laurdag. Dermed har det heller ikkje gått nokon alarm ved minibanken på Skei.