Dette var ein av bodskapane den tidlegare reiselivsdirektøren i Innovasjon Noreg kom med då han onsdag inviterte til frukostmøte med bransjeorganisasjonen Norsk Reiseliv der han no er direktør.

Det er dei viktigaste reiselivsbedriftene og destinasjons- og landsdelsselskapa i Noreg som står bak denne bransjeorganisasjonen som tidlegare heitte Forum for reiseliv. Tuftin og bransjeorganisasjonen hans helsar den nye Stortingsmeldinga om reiseliv velkommen, men er ikkje nøgd med ambisjonsnivået.

– Dersom Noreg skal bli det beste reisemålet i verda, treng vi ei offensiv og innovativ satsing på reiselivet, seier Tuftin. Han meiner bruk av ny teknologi i reiselivet og berekraftig vekst er noko av det viktigaste for å sikra vidare utvikling av Noreg som reisemål.

Trur på kulturturisme

-Å utvikla og fremja Noreg som eit berekraftig reisemål handlar om å prioritera arbeidet med berekraftige destinasjonar og levedyktige reiselivsbedrifter. I tillegg handlar det om å trekkja til seg ansvarlege reisande som er bevisste på å ta vare på miljø og kulturell eigenart – og som set pris på kvalitetsopplevingar knytt til lokal mat, natur, kultur og helse, seier Tuftin.

Han seier vidare at Norsk Reiseliv difor ser positivt på at Regjeringa vil utarbeida ein strategi for kultur og reiseliv, med vekt på kulturturisme.

– Meir å henta med ny teknologi

Samtidig etterlyser han ei sterkare satsing på nye digitale løysingar i reiselivet.

– Her er det store utviklingsmoglegheiter både i høve til å innføra IT-system, utvikla web-former, optimalisera og bruka Big-data til å skreddarsy og tilpassa pakkar og tilbod for kvar enkelt kunde, seier Tuftin.

(©NPK)