I dag er det premiere på Puccinifesten til Opera Nordfjord, der ein mellom anna får oppleve den vakre Messa di Gloria, framført av eit storkor samansett av Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule og Nordfjord Operakor. Operaen har hatt fleire vellukka samarbeidsprosjekt med musikklinja på Sandane, og operasjef Kari Standal Pavelich seier dei gler seg stort til dette nye samarbeidet med dei talentfulle ungdommane, og legg til at Opera Nordfjord garanterer høg gåsehudfaktor når unge korstemmerblandar seg med vaksne, erfarne koristar og profesjonelle solistarog musikarar.

Også stoff frå Tosca, La Boheme og Madame Butterfly står på programmet.

Solistane vert den amerikanske tenoren Evan Bowers, som til våren syng Don José i Carmen ved Den Norske Opera & Ballett, og bassen Magne Fremmerlid frå Skodje på Sunnmøre, som har sunge ved nasjonaloperaen i ei årrekkje.

Dirigent for kor, solistar og orkester er som alltid Michael Pavelich.

Evan Bowers, tenor.

Magne Fremmerlid, bass.

Puccinifesten har premiere på Sandane i dag, deretter følgjer Nordfjordeid og Førde.