Det vart ein spennande kamp då Stryn serieopna i 4. divisjon borte mot Tornado Måløy laurdag.

I ein kamp som var innom dei fleste årstider var det heimelaget som kom best i gang, og 1-0 kom etter ein halvtime. Heimelaget scora ytterlegare to kjappe mål like før pause, og det såg verkeleg stygt ut for Johann Sigurdsson sitt lag.

Ei rask redusering på overtid av første omgang frå Mads Wie tente eit håp for Stryn, som på ingen måte imponerte på Måløy stadion dei første 45 minutta.

Andre omgang skulle bli av eit heilt anna kaliber frå Stryn si side. To offensive bytte vart gjort i pausen, og før minuttet var spelt var Mads Wie frampå igjen, 2-3! Ikkje lenge etter sette Jonas Denk inn 3-3, og Stryn var totalt overlegne når det gjaldt spel og sjansar.

Tornado Måløy hadde lite å kome med sett bort i frå eit par halvsjansar, og det var ikkje ufortent då Vegard Hopland sette inn 4-3 til Stryn etter at ballen først hadde vore ein tur i tverrliggaren.

På overtid fastsette Mads Wie sluttresultatet til 5-3 til Stryn, som dermed sikra seg tre viktige poeng i seriepremieren.

Kampen vart også vist på storskjerm på Johans pub, og 20-25 strynesupporterar hadde møtt fram.

- Flott tiltak som eg kjem til å nytte meg av fleire gonger, seier Jonny Bolset som saman med dei andre fekk oppleve ein forrykande andreomgang av Stryn.

- Vi kjem til å gjenta dette, og eg trur det kjem endå fleire når dette tiltaket med streaming av kampane blir meir kjent, fortel pubvert Jens Isehaug.

Det er Radio Stryn som står for streaming-sendingane i samarbeid med Stryn fotball.

Andre kampar i kretsligaen i dag:

Årdal-Dale 2-5

Vik-Skavøypoll 3-0

Bremanger-Høyang 2-0