Søndag kom erverdige Astoria til Olden med godt 500 passasjerar ombord. Cruiseskipet er det første av totalt 92 anløp ved cruisekaia i Olden i år.

Trass småsurt og kaldt ver let ikkje turistane, hovudsakleg frå England, seg stoppe, og fleire vart skyssa opp i Briksdalen. Andre tok beina fatt og rusla rundt i Olden sentrum.

Suvenirbutikken på andre sida av vegen opna dørene søndag, og Antonia Karete Kongsvik og resten av staben hadde mykje folk innom opningsdagen.

Mølla tok også i mot gjester for ein matbit.

- No held vi ope i helgane og når det ligg cruisebåtar til kai, seier Frode Briksdal ved Mølla.

Aslak Lefdal hadde teke turen frå Eid for å få med seg sesongstarten i Olden.

- Kjekt å sjå at ein er i gang att. Dette blir bra i år og, fortel Lefdal.

Onsdag 26. april kjem Aurora.

HER kan du sjå cruiseguiden på nettsida til Fjordingen