Frivilligsentralane i fylket har skipa Frivillig Sogn og Fjordane(FSF), eit samlande organ forfrivilligsentralane i fylket som skal arbeide for å styrkefrivillige, frivillig arbeid og fremje samarbeid, kvalitet oginnhald i frivilligsentralane.

FSF skal også arbeide for å styrkefrivillig arbeid på område der det er særskilde behov og for å sikre gode utviklingsvilkår for sentralane, ta initiativ tilog fronte felles saker. Organisasjonen skal til dømes samordne felles prosjektsøknadar,organisere kurs og konferansar for styre/eigarar, tilsette ogfrivillige, går det fram av ei pressemelding frå skipingsmøtet.

Ved å representere medlemssentralane vil organisasjonen også ha ansvar på fylkesnivå til dømes for samarbeidsavtalar med KS Sogn og Fjordane, detoffentlege, frivillige lag/organisasjonar og næringsliv. FSF skalogså vere høyringsinstans for saker som vedkjem frivillig arbeid på allenivå.

Den nyskipa organisasjonen har eit styre beståande av tre styre/eigarrepresentantar,tre representantar frå dei daglege leiarane og ein uavhengigrepresentant. Medlemssentralane vert delte inn i trenettverksgrupper. Nettverksgruppene er eit samarbeids- ogutviklingsforum for tilsette i frivilligsentralane i fylket, somskal fungere som arbeidsgrupper for styret for FSF, og som eitkollegialt organ for tilsette. Primært vert ein representant fråkvar av nettverksgruppene vald inn i styret.

Skipingsmøtet valdefølgande styre: Styreleiar: Erlend H. Herstad (nestleiar i Naustdalfrivilligsentral) Nestleiar: Marit B. Lefdal (styreleiar i EidFrivilligsentral) Styremedlem: Aase Bruntveit Njøs (tenesteleiar,samfunnsutvikling og kultur, Leikanger kommune) Styremedlem: IngridHellwege Haveland (uavhengig representant, representererfrivillige) Styremedlem: Astrid Halstensen (dagleg leiar iNærmiljøsentralen i Askvoll) Styremedlem: Elfrid Rauset Håheim(dagleg leiar i Gloppen Frivilligsentral) Styremedlem: RakelApneseth (dagleg leiar i Jølster Frivilligsentral) Vara: NinaBenedicte Lødøen Øen (styremedlem i Hornindal Frivilligsentral)Vara: Margrete Reisæter (dagleg leiar i Fjaler Frivilligsentral)

Styret: Medlemmer i det nyvalde styret etter skipinga, frå venstre Ingrid Hellwege Haveland, Marit Botn Lefdal, Erlend Haugen Herstad, Rakel Apneseth, Elfrid Rauset Håheim og Astrid Halstensen. Foto: Kari Valle