Nordfjordekspressen si ettermiddagsrute vil i år vere tilbake i sommarsesongen.

Dette inneber at den i ein periode på to månadar, omlag frå skuleslutt til skulestart, vil vere tre avgangar begge vegar mellom Nordfjord og Oslo.

- Dette gjer vi for å dekke etterspurnaden i den perioden av året der den trengs mest, seier marknadssjef Nettbuss Travel, Svein-Arne Vik.

Start og endepunkt på ettermiddagsruta vil vere Nordfjordeid.

Korrespondansar

Rute frå Ålesund via Stranda og Hellesylt vil korrespontere med ettermiddagsbussen til Oslo.

Nytt av året er også at det blir oppretta korrespondanse på Langvatn (krysset til Geiranger etter siste tunnel på rv 15 Strynefjellet) med buss frå Geiranger.

Utsalsstadar for billettar

Svært mange kjøper i dag billetten på internett eller mobil. For turistar og andre som ikkje har tilgang til desse media er det muleg å kjøpe billettar i Måløy, Stryn og Otta.  Det vert i tillegg arbeidd for å få på plass sal av billettar i Lom og Geiranger.

Førehandskjøpte billetter er sikrast

Når billetten er kjøpt på førehand er kundane sikra plass, opplyser marknadssjefen.

- Då veit også sjåføren nøyaktig kvar han skal ta på og sette av passasjerar. Dette er ei tryggheit både for passasjerar og sjåfør, seier marknadssjef Svein-Arne Vik.

Om Nettbuss Travel AS

Nettbuss er Skandinavias største ekspressbussaktør med konsepta Nettbuss TIMEkspressen og Nettbuss express. Kvart år køyrer Nettbuss Travel AS ca 3 millionar passasjerar på 15 ruter som dekker heile Sør-Norge, og har samband til Sverige og Danmark.