I kveld er det stor feiring av opninga av Loen Skylift og Hoven Restaurant med konsert, tapas og DJ på toppen av Hoven.

Her skal eit av landets mest ettertrakta liveband ha konsert.Highasakite er ei indiepopgruppe med utspring frå jazzlinja ved NTNU som står bak hitlåtar som «Lover, where do you live» og «Golden Ticket» (høvesvis sju millionar og nær seks millionar avspelingar på Spotify).

Allereie debutalbumet fekk seksar på terningen av anmeldarar, og bandet har blitt kåra til Årets popgruppe under Spellemannprisen to gongar. I fjor toppa dei VG-lista og låg på lista samanhengande i over eit år.

Om vêret tilllet det, er planen at Highasakite skal spele frå taket på sjølve restauranten. Det kan ein vel kalle å leve opp til namnet sitt!